
Små grep,
varige resultat
Personleg oppfølging innan kosthald og trening - tilpassa deg, måla dine og kvardagen din.
Finn det du leitar etter
Utforsk tenestane mine, les erfaringar frå kundar og sjå kva som er aktuelt framover
Kosthald & trening
12-vekers oppfølging med individuelt tilpassa kosthald og/eller treningsprogram, med jamleg oppfølging undervegs
Personleg trening
PT-timar fysisk eller online, tilpassa ditt nivå, dine mål og føresetnader.

Isabell Hauge - Personleg trenar
Eg brenn for det å vise at betre helse ikkje treng å bety store og drastiske endringar. Små grep i kosthaldet, meir kvardagsaktivitet og trening tilpassa deg og din kvardag kan utgjera ein stor forskjell over tid.
Eg har fått følgje menneske som har nådd vektmåla sine, blitt sterkare, fått mindre plager og opplevd betre sjølvkjensle. Det er akkurat dette som gjer at eg elskar det eg driv med - å hjelpe andre med å skape gode rutiner som faktisk varer.
"Eg har gått ned i vekt, fått mykje meir energi og mindre smerter i ledd. Eg merkar at forma blir betre og klarer no øvingar eg ikkje greidde før. Kjempegod rettleiing både med kosthald og trening"
Johanne
"Sidan eg starta har eg redusert vekta mi med 15 %, fått betre kondisjon og styrke, og kroppen kjennest generelt betre. Det som har overraska meg mest, er kor fort resultata kjem med eit tilpassa opplegg. Eg hadde nok ikkje fått dette resultatet utan Isabell sitt opplegg.
John Rune
"Ein tilpassa kostholdsplan og små gåturar vart starten på ein mykje betre kvardag. No er eg i betre form enn eg har vore sidan 90-talet."
Oddvin
Klar for å kome i gang?
Ønskjer du hjelp med kosthald, trening eller begge deler?
Ta kontakt, så finn vi ut kva som passar best for deg, kvardagen din og måla dine.